Hopp til innhold

Side:Ein Soge-Bundel.djvu/9

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

5


„Aa eg veit meg so god ei Høyløda med so godt eit Høy til Vetters: eg vil av og føda meg sjølv.“

„Maa eg vera med?“ sagde Bukken.

„Ja vil du vera truen Husbonde, so maa du vera med.“ Ja det skulde han. So fylgdest dei.

So møtte dei ein Hare. „God Dag,“ sagde Haren. „God Dag,“ sagde Stuten. „Skal du langt av idag?“ sagde Haren. „Aa eg vil berre av og føda meg sjølv: eg veit meg so god ei Høyløda med so godt eit Høy til Vetters.“ „Maa eg vera med?“ sagde Haren. „Ja vil du vera truen Husbonde, so maa du vera med.“ Ja det skulde han. So fylgdest dei.

So møtte dei ein Røysekatt: ja han fekk og Lov til vera med, berre han vilde vera truen Husbonde. So fylgdest dei. Og so møtte dei ein Hane: han skulde og vera truen Husbonde; so fekk han Lov til vera med. So fylgdest dei.

So møtte dei ein Rev. „God Dag,“ sagde Reven; „kvar skal detta gilde Fylgje av idag, tru?“

Aa, Stuten vilde av og føda seg sjølv. „Eg maatte væl aldri vera i Løda med?“ sagde Reven, — det slevade ut imillom dei glisne Tonnom hans.

Aa-haa jau, sagde Stuten, — han drog nokot paa det: han tykte det var nokre undarlege Tenner til eta Høy med, som gliste ut imillom paa den sidste Karen, — vilde han vera truen Husbonde, so kunde han no endelega det. Ja han skulde no visst vera truen Husbonde. So fylgdest dei.

So komo dei no fram til Løda og gingo inn og stelte seg