85
slikt atter, at det var reine Furdor. „Kvat er som bilar deg no atter?“ sagde Risen, han var vond daa, „kor kann det hava seg at der er slikt Braak med deg i Naatt, eg fær ’kje Ro til sova.“ „I! eg drøymer so,“ sagde ho, „eg fær ’kje sova.“ „Drøymer du atter no og? eg vil ’kje vita av fleire Draumar!“ „U jei! det er det same, eg skal ’kje segja det daa!“ „Skunda deg no berre aa kom med det!“ „Ja eg drøymde det, at det var ein Mann paa ein gild Gard, som hadde ein Brunn i Tunet, og der hadde voret so utifraa godt Vatn fyrr i den Brunnen, og no var det ’kje drikkande, det var heiltupp rotet.“ „Aa du veit for litet! Det kann hava seg so, der heve krabbat ei Podda inn under ei stor Hella, som ligg paa Botnen i Brunnen: ja, eg bad deim etter Drikka ein Gong, men eg fekk ’kje; so vardt eg so sinnad, eg sette try tunge Peningskrin ned der og sette Podda til vakta deim og skjemde so ut heile Brunnen.“ „Ja, og so drøymde eg det,“ sagde ho „at det var ein Ferjemann, som var so utgamall, som spurde, ko lenge han skulde setja yver til Fjellet ditt, fyrr han maatte sleppa det, han var so leid det.“ „Aa ja du veit for litet! Det skal han halda paa med, den Sælingen, so lenge til han heve Vit til kasta Aararne til den, han set yver og segja det ved honom: set no du yver so lenge som eg heve gjort, so tenkjer eg du verd leid det, du med!“ So sovnade han og raut og sov, so det svarade i heile Nuten. „Høyrde du kvat eg spurde um no?“ sagde Gjenta ved Guten. Ja, han gjorde det. „Men ligg no still og giv Gaum!“ sagde ho.
Um eit litet Bil so var det no sama Laaten. „U-m-m!“