84
Gjenta gjorde upp Sengi. So lagde dei seg og so sovnade han. Naar dei hadde daa leget eit litet Bil, so sagde ho til Guten, „Giv Gaum!“ og so foor ho til aa laata og enkja seg slikt, at det var reint fælt. „Kvat er som vantar deg?“ sagde Risen, han vaknade. „I! eg drøymde so!“ sagde ho, „eg drøymde at det var ein Mann, som hadde tvo grumme Aplegardar, og deim hadde han inkje godt av, for kvar ævige Haust druso Epli av og komo burt: og det grunade han paa, korso det kunde hava seg, han tykte det var Ovfurdor.“ „Aa du veit for litet!“ sagde Risen, „at Epli hava droset av kvar Haust, det kann hava seg so, at han er so svolten og girug, at han nennest ikkje til aa giva burt so myket som eit Eple, — eg bad ein Gong um eitt —, og so heve eg gjort det so, at han aldri skal hava godt av deim meir.“ „Ja, og so drøymde eg det,“ sagde ho, „at det var ein Mann, som hadde slik ein Gard, det hadde aldri Menneske seet slik Gard; men so løp der altstødt ein Hund til Garden hans og ein ifraa, og han var so uppmødde av denne Laupingi, at han hadde ’kje godt av Garden sin.“ „Ja du veit for litet! Han heve tvo Vigter: ei veg han til seg med og ei ifraa seg med, og den fyrste er strid og den sidste er slak; fyrst han slo sund den slake, so slapp han Hundarne som løp. — Men teg deg no!“ So sovnade han atter og raut og sov, so det var so det durade i Fjellet. „Høyrde du kvat eg spurde um no?“ sagde Gjenta til Guten. Ja, han gjorde det. „Men ligg no still og giv Gaum!“ sagde ho.
Um eit litet Bil foor Gjenta daa til aa krauna og laata