Hopp til innhold

Side:Ein Soge-Bundel.djvu/87

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

83

so hev’ eg komet her,“ sagde han. „Aa jei, for furdelegt detta var, at du skulde koma! fyrst Risen fær sjaa deg, drep han baade meg og deg; han gjerer Ende paa kvat helst som kjem her; men eg lyt freista aa gjera det eg kann til aa hjelpa deg.“ So skulde han eta og drikka, og med han fekk seg Mat, fortalde han um alle dei Boderna, han havde til Bitristein. So sagde ho, han skulde smjuga av inn under Sengi; „og no fær eg prøva aa faa ut av honom detta, som du skulde faa vita, — det var desse Spurnerna um dei tvo Aplehagarne og dei tvo Hundarne og um Brunnen og Ferjemannen?“ sagde ho.

„Hu! kor er detta lagat?“ sagde Risen, han kom heim og var tevende vond, „kvat er det som er komet i mine Hus?! Det stækjer kristet Manne-Blod!“ — „Aa ja det var ein Fugl som fauk her yver Taket med eit Bein i Nebben, og det slepte han ned paa Aaren igjenom Ljoren; eg skundade meg aa faa det ut atter og røykte og foor fram det finaste eg kunde, men det maa vera det som stækjer likevæl.“

Aa ja, so fekk Risen seg Mat. So tok han fram tvau store Peningskrin: eitt var blaamaalat og hitt var kvitmaalat; so læste han upp det som var blaamaalat, og det var fullt med Sylvpening: so tømde han den paa Bordet og talde, og so subbade han deim ned i Skrinet atter; so tok han det som var kvitmaalat og det var fullt med Gullpening: so tømde han den paa Bordet og talde, og sabbade so ned i Skrinet atter, og detta hadde han til moroa seg med.

So sagde han det, „no vilja me leggja oss,“ sa’ han. Ja,

6*