Hopp til innhold

Side:Ein Soge-Bundel.djvu/86

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

82

Garden min og ein Hund til Garden; eg er so leidsam og leidd av denne Laupingi.“ Ja, Guten skulde spyrja.

So den andre Dagen lagde han i Veg atter og gjekk heile Dagen og alt til seint um Kvelden. So kom han til ein stor glup Gard og bad at han kunde faa Hus. Det fekk han. So spurde Mannen kvar den litle Guten agtadest etter. Ja det visste han inkje, sagde han, men han vilde av til ein Rise som heet Bitristein og faa i Gjenta si atter, som Risen hadde dreget av med. „Aa gode deg!“ sagde Mannen, „med du fer dit likevæl, kann du ’kje daa spyrja fyre meg, korso det kann hava seg at der er so vondt Vatn i Brunnen min; der heve voret so godt Vatn fyrr og no er det so vondt, det er ’kje drikkande: det er heiltupp rotet.“ Jau, han skulde spyrja.

So tok han ut atter andre Dagen, og so var det eit litet Bil, so kom han til ein stor Fjord; so kom han til Ferjemannen og so spurde Ferjemannen kvart han vilde. Ja det visste han inkje, men han vilde finna ein Rise, som heet Bitristein, sagde han. „Men vil du no spyrja honom, ko lenge eg skal vera Ferjemann heran yver til Fjellet hans: eg er so leid det. Det vøre do for furdelegt um eg skulde liggja her myket lenger, eg verd reinende utgamall i denne Tenesta. — So skal eg ferja deg fram og tilbaka fyre ingen Ting,“ sa’ han. „Ja eg skal spyrja,“ sagde Guten.

So kom Guten fram og kom inn i Berget og fann atter Gjenta, og dei kjendest. So vardt ho so forfælt og forfurdad, korso han hadde kunnat koma dit. „Aa jau, med stort Stræv