Hopp til innhold

Side:Ein Soge-Bundel.djvu/83

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

Bitristein.


So var det ein Mann og ei Kona og ein Gong, som hadde ein gild stor Herregard. So hadde dei ein Tenestdreng. No saadde Mannen Aakren sin um Vaaren med Rug og Kveite, og den voks upp og vardt so gild og væn, som dei hadde seet Aaker.

So var det ei Naatt, at Aakren vardt so nedvelt; so spurde Husbonden Drengen sin, kvat det var, som hadde velt so ned Aakren. „Ja det veit ’kje eg,“ sagde Guten, „inkje heve eg gjort det.“ „Ja du fær sjaa etter, kvat helst det er som fer soso aat,“ sa’ han. „Ja eg lyt so gjera,“ sagde Guten.

So sat han daa um Kvelden. Naar det leid paa Kvelden nokot lenge, so kom der eit stort Troll. So gjekk Guten innaat og vilde sjaa kvat det var. Daa foor denne Risen til aa velta seg att og fram i Aakren. „Kvi gjerer du detta?“ sagde Guten „Eg ligg og kviler meg,“ sagde Risen. „Ja, men du maa ’kje liggja i Aakren. „Eg ligg kvar eg vil, eg, fyre deg.“ — „Kvat heiter du?“ sagde Guten. „Eg heiter Bitristein,“ sagde han. „Kvat er du vil daa?“ sagde Guten. „Eg vil draga av med Dotter til Husbond din,“ sagde Risen. „Ja so, vil du det?“ sagde Guten, „kvat vondt heve ho gjort daa, med di du vil taka henne?“ sa’ han. „Ho heve inkje vondt gjort meg, men Fader