78
Han Mons Raudskjegg vardt vare di, og sette etter dit som
Fader aat Guten aatte heime, men daa Guten saag han kom,
skapte han seg til ein Agnmakk og smette seg langt inn i ei Mykjadyngja.
Detta saag Mons Raudskjegg og skapte seg til ein
Hane og tok til aa grava i Mykjadyngja, men Guten skapte seg
snøggt til ein Rev og snippade so Hovudet av Hanen og aat
han upp. No var det Ende med honom Mons Raudskjegg,
Guten gjekk til Fader sin og bad han vera med seg aat Berget,
som han Mons hadde butt i, og der visste Guten alla Gjøymslorna,
som han hadde Pengarne sine i. Dei toko inkje daa berre
Pengar, men dei toko alt som der beid og fannst baade litet og
myket, og daa vordo dei oversleg rike.
No budde det ein Herremann tett ved der som Fader til denne Guten budde, og han hadde ei einaste Dotter. Daa ho høyrde, at Guten hadde vordet so rik, fekk ho Hug til honom og vilde hava han til Mann. Fader hennar hadde nog inkje viljat, at ho skulde taka denne Bondaguten, men so var ho inkje myket væn, og difyre var det inkje mange Storkarar, som brydde seg um hena; men Guten totte det var gildt han maa vita, at han skulde verda Maag aat ein Herremann og koma paa ein slik Gard. Soleides vardt Enden, at han fekk hena. Paa Herregarden vardt det stor Annsemd med Tilbuning til Brudlaups, aa daa det var reidugt, bodo dei til alle Ættingarne sine paa baada Sidor, og so helvo dei Brudlaup i fjore fjortan-Dagar.