Hopp til innhold

Side:Ein Soge-Bundel.djvu/81

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

77

han lyt væl fylgja, likevæl. Men Hunden vardt med berre eit litet Stykke, so kvarv han burt ifraa honom.

Andre Marknaddagen sagde Guten ved Fader sin: „no vil eg skapa meg til ein Hest, og so skal du taka eit gildt Beitsl, og leggja paa meg, og leida meg paa Torget, men du maa inkje sleppa Beitslet, elder og gjeng det galet med meg. Og so maa du setja meg so dyr, at ingen kauper meg, men kjem han Mons Raudskjegg, so veit han, at det er eg, aa so giv han slikt du vil hava.“ Dei komo paa Torget, og ingen vilde kaupa denne dyre Hesten; men so kom Mons Raudskjegg, og han kaupte Hesten. Men daa lurde han dei, fyre di dei hadde lurt han fyrste Marknaddagen; med di sama han hadde reiknat til Mannen Pengarne, so rykte han Beitslet or Haandi hans, fyrr han fekk stroket det av Hesten, og so reiste han med honom. So sette han seg uppaa Hesten og reid atter og fram og dengde og slog, so det var fælt aa sjaa. Tilslut reid han i drivende Tan til den Kongsgarden, der han var Skulemeistar aat Kongsbornom, og der batt han Hesten ute og sette ei Glodpanna under Nasarne paa honom, so han stod og brende seg og inkje visste, korso han skulde fara aat. Men so høvde det so heppeleg, at det kom ei Gjenta berande paa ei Vatsferd. Hesten tok til og sparkade og grov, so at ho skulde skyna, at han var tyrst. Gjenta sagde det: „stakkar, du er tyrst du, ser eg,“ og dermed strauk ho Beitslet av honom og sette til honom den eine Vatsbytta. Men daa tok han drivande Tanet attende, kastade Hestahamen aa reiste heimatter til Fader sin.