Hopp til innhold

Side:Ein Soge-Bundel.djvu/79

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

75

Faderen ut aa spurde, kven han møtte, um dei visste, kvar han Mons Raudskjegg budde. Nei, ingen visste det. Han foor sjau breidt og sjau langt umkring i Heimen og frette etter di sama. Endeleg kom han til ei Haugakjering, og han spurde ogso henne, um ho visste nokot um Mons Raudskjegg. „Nei,“ svarade ho, „men ved Høgstdagsbil koma alle ville Dyr her paa denne Sletti aa kvila, so skal eg spyrja deim.“ Ho gjorde so, men dei kunde inkje gjera nokor Greida paa detta. „Ja daa lyt du ganga aat detta Berget, du ser der burte,“ sagde Haugakjeringi, der bur Broder min, og til honom koma alle Fuglar, som fljuga i Lufti ein Gong kvar Dag. Kann henda, at dei vita det.“ — Mannen reiste dit, aa Jøtullen spurde Fuglarne um dei visste, kvar han Mons Raudskjegg budde, men dei visste det helder inkje. „Men enno,“ sagde Jøtullen, „er det atter ei halt Ørn, ho plagar vita mangt ho, og du fær bida til ho kjem.“ Daa Ørni kom, spurde Jøtullen etter di sama. „Jau,“ sagde ho, „eg veit væl, kvar det Trollet bur; ifjor skaut han av Læret mitt, so at eg fær draga ei Vanheilsa fyre honom, alt medan eg liver.“ Ho synte daa Mannen kvat Berg han var i, „og dersom du no snøggar deg,“ sagde ho, „so fær du Fat paa Guten, for han Mons er inkje heimeleg.“

Mannen reiste aat det Berget, som Ørni hadde synt honom og klakkade paa stilt. Guten kom ut og kjende Fader sin radt, „aa Gud vere lovad,“ sagde han, „der ser eg Fader min.“ So tok han med seg alt det Gull og Sylv, som fannst i Berget, og fylgde med Fader sin heimatter.