Hopp til innhold

Side:Ein Soge-Bundel.djvu/70

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

66

Kongen. Han tok Guten og bar han til Kongsgarden sin og leet kristna han aa kalla han Halvpening.

Guten voks og vardt stor, og litug og snill var han med. No hadde Kongen fyrr ein Gut, som han hadde til aa ganga Erend fyre seg og til aa leggja i Omnarne, smyrja Skor og Styvlar og annat slikt. Denne Guten heet Riddar Raud, av di han var so raudmosen i Andlitet sitt, men det var ein stygg Fuling, og difyre kallade dei han Riddar Rev. Daa Halvpening vardt stor, vilde Kongen hava han til aa stella fyre seg, og soleides skulde han gjera det som Riddar Raud hadde gjort fyrr. No vardt denne ovundsjuk paa Halvpening og visste inkje, korso han best skulde hemna seg paa honom. Det var eit av Arbeidom aat Halvpening, at han kvar Morgon skulde laga til Bisk (Morgonmat) aat Kongen. Ein Morgon var Riddar Rev gridug uppe og lagade til Bisk og gjekk inn til Kongen med Bisken. Kongen spurde, korso det bar til, at han kom med honom, „for eg heve sett Halvpening til aa koma med Bisken,“ sagde han, „men inkje so tidleg.“ „Han Halvpening,“ sagde Riddar Rev, „heve voret ute i Naatt og haldet Moro med Fruer og Jomfruer, og no tykjest han vera slik Kar, at han heve sagt, at han vil henta til Kongen ei Jomfru fraa Babylon, og dersom han inkje er god til det, so vil han missa Livet.“ Detta trudde Kongen, etter som Riddar Rev sagde.

Ved den vanlege Tidi kom Halvpening med Bisken til Kongen og visste inkje av, at nokot illt skulde vera paa Ferde. Kongen sagde daa ved han det, som Riddar Rev hadde fortalt, men