Hopp til innhold

Side:Ein Soge-Bundel.djvu/7

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

3

So segjer denne Ormen, som eg ber ikring Halsen; eg frelste Livet hans: han laag i ei Maurtuva og Maurarne hadde no snart drepe’n, men eg tok ’n paa Staven min aa kasta’n utor Tuva, og han kastade seg yver Halsen min og sagde, han vilde stinga meg i Hel fyre Umaken.“

„Ja,“ sagde Reven, „no skal eg vera Domar imillom dykker, eg; men de maa lova meg det, baade tvo, at de vilja taka ved den Domen, som eg feller.“ Aa ja, det lovade dei. „No skal eg setja meg paa ein Stein, og du Mann skal setja deg paa ein Stein, og Ormen skal leggja seg paa ein Stein.“ Aa ja, det gjorde dei. „Ja no dømer eg, at du Mann skal taka kvite Staven din og slaa Ormen i Hel.“ Det gjorde Mannen strakst.

„Kvat skal du hava fyre Umaken din?“ sagde Mannen daa.

„Kjem eg i Naud ei Gong, so skal du hjelpa meg atter,“ sagde Reven.

Nokre Dagar deretter stod Mannen og pløgde. Dermed kom det ein Rev springande. „Aa kjære Mann!“ sagde han „pløg meg ned i Fori, so ingen ser meg; der kjem ein Skyttar og vil skjota meg i Hel.“ Aa ja, Mannen so gjorde, for han kjende att Reven, at det var den same som hadde hjelpt honom.

So kom Skyttaren. „Heve du ’kje seet ein Rev sprang her?“ sagde han.

„Nei,“ sagde Mannen; men han peikade burt paa Fori.

„Han sprang do skile beint til deg,“ sagde han.

„Nei,“ sagde Mannen endaa; men han peikade paa Fori; men Skyttaren gaadde ikkje aat det og foor sin Veg.

1*