Hopp til innhold

Side:Ein Soge-Bundel.djvu/69

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

Halvpening.


Det var ein Konge i Italia, som heet Pedro. Ein Dag som det var fint Vedr vilde han ut og sjaa paa det store Landet og Riket sitt. So villade han seg og kom langt burt i ein Skog, og tilsidst vardt det Kvelden paa han. Daa fann han ei vesall Hytta, og han tenkte ved seg sjølv, at det vist budde Tjovar og Røvarar der, men likevæl totte han, at han laut freista aa ganga inn. Han gjorde so, og der fann han ein fatik Mann og ei Kjering, og ho laag og hadde barnillt. Han bad um Hus, men dei svarade nei fyrst. „Eg er Herren og Kongen dykkar,“ sagde han, „og de ljota laana meg Hus.“ „Du lyt taka til Takke med Huset som du fær det daa,“ sagde Mannen, „for her ligger Kjeringi mi i Barnarider, du fær vera med aat ei onnor liti Stova me hava.“ Kongen vardt med dit og lagde seg.

Um Morgonen hadde Kjeringi fenget ein stor Gut. Daa Kongen kom inn og fekk sjaa denne Guten, likte han han so væl, at han endeleg vilde hava han av deim. Men dei vilde inkje missa Guten. Kongen meinte, at han var Herren og Kongen deira, „og Guten skulo de no lata meg faa fyre Bitaling,“ sagde han. „Du heve Valdet yver oss,“ sagde Mannen, „men kvat vil du giva oss fyre Guten?“ „Ein halv Pening,“ svarade

5