Hopp til innhold

Side:Ein Soge-Bundel.djvu/67

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

63

væna og feita, det var so det glansade i kvart Haaret. „Kven eig alt det væne Feet? so væne Naut heve eg ’kje seet i all min Dag,“ sagde Kongen til Hyrdingarne. „Det er Kong Katt paa Heidbergs Borg med fjorom gyltom Krunom, som eig deim,“ sagde dei.

So foro dei eit Stykke atter, so møtte dei nokre som gjætte Hestar, — slik ei Drift med Hestar hadde Kongen aldri seet og aldri trutt han skulde faa sjaa i si Kongstid. „Kven er det som eig alle desse Hestarne?“ sagde han. Jau, det var Kong Katt paa Heidbergs Borg med fjorom gyltom Krunom. „Det maa vera ein megtug Mann,“ sagde Kongen.

So koma dei fram. So ganga no Guten og Katten og alle dei kristne Folki ut og taka imot Kongen og heila hans Ferd og der vardt slik Gleda daa, at det var eit Syn, og der vardt framsett Mat og Drikka, so myket at det var ’kje med nokot Horv. Daa det leid daa fram imote Kvelden, daa alle vaaro drukne og hadde nosat og godgjort seg, so segjer Katten detta ved Guten:

„Du skal koma ut, eg vil tala med deg,“ segjer han.

Ja Guten var med honom ut.

„No skal du taka det Sverdet, som heng deran paa Veggen og hogga av meg Hovudet.“

„Nei korso kann eg gjera det, — du som heve gjort meg so myket godt, at eg kann no aldri fulltakka deg, og skal so eg no hogga av deg Hovudet.“

„Jau, det skal du gjera, og so er du so snarp som du kann.“

Ja, so torde ’kje Guten annat, daa Katten tok det saa aal-