53
til honom i Skallen, so han trullar burtetter Tallen. So kom han vaalande og skrikande ut til honom Sløg. „Eg heve aldri seet so vonde Vedrar i mi Tid; han stangade meg, so eg laag tvifald paa Tallen; eg skal aldri koma der meir,“ sagde han.
„Ja du er daa ei Olmosa, at du kann ’kje berga deg fyre ein Bekre! Lat meg sleppa til!“ sagde Sløg.
Han inn; so fær han seg ein Trykk i Nakken, so han trillar som ein Kongul. Nei detta var daa øgnare endaa en med Gjæserna: der var ’kje Raad med aa koma.
So Oskelabben heim atter, og til aa slaatra og fjalla og stella og steikja; daa dei komo daa heim, hadde han Bekren reidd. So spurde dei, kvar han hadde fenget den.
„Aa det er ’kje Mark aa, kvar eg heve fenget den,“ sagde han.
So baado dei daa so fint og fagert, at dei maatte faa eta med; dei vaaro mest klaare. „Maa me no eta med deg, so maa du vera med oss i Morgon, me vilja stela Korn.“
„Aa det verd væl daa, som vant er,“ sagde han; „elles vil eg no inkje stela, helder.“
Men so lenge tiggade og baado dei, til dei fingo eta med, og han lovade aa fylgja i Morgon. So andre Kvelden drogo dei av aat Kongsgarden atter, skogveges alle tri. Daa dei komo daa til Kornstaalet, so Brøderne til aa stappa Korn i Sekkjer, det meste dei vunno; men Oskelabben vilde ’kje bry seg med di, sagde han, og dermed tok han til aa giva paa med Laavedyri og taka henne ned.
„Nei kvat vil du med den?“ sagde dei, „du vil drepa oss