Hopp til innhold

Side:Ein Soge-Bundel.djvu/54

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

50


„Ja kvat eter du?“ sagde dei.

„Toll og Konglar og kvat eg finner,“ sagde Ikornet.

„Ja, du maa vera i Huset med.“

So kom Røysekatten. „Maa eg vera i Huset med?“ sagde Røysekatten.

„Ja kvat eter du?“

„Myser og Meinkjettor og kvat eg finner,“ sagde den.

„Ja, du maa vera i Huset med.“

So kom Tordivelen. „Maa eg vera i Huset med?“ sagde han.

„Ja kvat eter du?“

„Myk og Myhankar og kvat eg finner,“ sagde Tordivelen.

„Ja, du maa vera i Huset med.“

So kom Reven. „Maa eg vera i Huset med?“ sagde han.

„Ja-a kvat eter du?“

„Laamb og Kidungar og kvat eg fær,“ sagde Reven.

„Ja-a, du maa vera med.“

So kom Bjørnen. „Maa eg vera i Huset med?“ sagde Bjørnen.

„Ja-a kvat eter du?“

„Bukkar og Bekrar og kvat eg finner,“ sagde Bjørnen.

„Nei, du maa inkje vera i Huset med.“

Ja, med di han fekk no ikkje Lov, so vilde han taka paa deim. So sette dei paa honom heila denne Krigsmagti, som dei hædde teket inn i Huset sitt: Ikornet upp-etter Veggen etter Byrsa, Tordivelen inn i Augo hans med Myk, Røysekatten inn