Hopp til innhold

Side:Ein Soge-Bundel.djvu/52

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

48


„Der er Far min, der er Far min,“ sagde Gutungen og kryade seg so i Fanget og sagde det: „eg vil ned og møte’n!“

So kom ho imot og dei helsade paa kvarandre, og ho kjende atter Fader sin, og han Dotter si.

„Er du viss paa, at det var du som frelste meg?“ sagde ho til Oskelabben.

„Ja eg tykjest do det vera,“ sagde han.

„Du heve væl det Spjeldet i Luma di, som eg klypte ut or Kjolen, daa du foor fraa meg i Gullborgi?“ sagde ho daa.

Ja det hadde han, — og det maatade inn-mot og var same Stykket. So fylgde dei med til Kongsgarden alle saman. So spurde Kongsdotteri Gutungen:

„Kvat skulo me gjera med dei tvo Brøderne til Far din, som heve loget so styggt?“

„Me skulo rista tri breida Reimar bak og tri breida Reimar framme og straa med Salt og Eimyrja og kasta dei aat Ormegarden,“ sagde han; — so vardt gjort, og dei livde berre eit litet Bil, so var det Ende paa deim.

Oskelabben burt i Stallen, — der laag Asnet aa Kneom i Benken og var mest kvitt, — han hadde reint gløymt det. So vardt han so illa ved, han visste ikkje korso han skulde fara aat.

„Betre meg! kor heve eg faret med deg! Kvat skal eg no gjeva deg til aa faa deg i Stand atter?“

„Du heve væl Sverdet?“

„Ja.“