Hopp til innhold

Side:Ein Soge-Bundel.djvu/51

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

47

for Oskelabben sagde, han hadde frelst henne —, men ho var ikkje bui til koma fyrr til Vaaren.

So kom no Vaaren, og so var det ein Dag Guten og Kongen gingo i Hagen og reikade. Daa saago dei eit stort stautt Skip koma siglande inn fraa Havet og stemna inn imot Kongsgarden. So kom det Bod fraa Skipet heim til Kongsgarden, at han skulde koma ned og møta, han som hadde frelst den yngste Kongsdotteri. Og so toko dei paa Skipet ein stor Fugg med raudt Klæde og kastade av Skipet, og det viplade seg beint til Kongsgarden, i ein Vev. Daa spurde Kongen, kven vilde ganga ned og møta.

„Eg gjeng, eg,“ sagde Per, „d’er eg som heve frelst henne.“

Per gjekk. Daa han kom ned aat Skipet, so møtte Kongsdotteri, og ho bar ein liten Gutunge paa Armen, som leikade seg med eit Gulleple.

„Kann detta vera Fader din, detta?“ sagde ho til Barnet.

„Nei, Fader krak ’kje som ein Ostemakk, han,“ sagde Barnet.

So sende dei Per heim atter og bad, at han vilde koma den rette.

So gjekk Paal, — foor likeins med honom.

Daa sagde Kongen det til Oskelabben: „Ja no fær du ganga; men maa eg og vera med?“

So toko Oskelabben og Kongen ut, og so gingo dei etter Klædesfuggen, liksom dei hadde gjenget etter ein annan Veg, og dei andre hadde aldri tort stiga paa honom.