44
„Ja no heve du frelst meg,“ sagde Kongsdotteri, „no vil
du væl hava meg, og no eig du alt det du ser.“
„Ja det kann henda,“ naar eg kjem tilbaka,“ sagde Guten.
Kom no han atter til Asnet. „Du var lenge,“ sagde det. „Ja det kann væl so vera,“ sagde Guten. „Set deg no paa Ryggen min!“ sagde Asnet. So reid dei yver Berg og djupe Dalar, yver Fjell og Finne. „Ser du nokot det lyser langt burte?“ sagde Asnet. Nei han saag inkje. So kvilte dei ei liti Stund og so foro dei atter langt og lenge. „Ser du nokot det lyser no?“ sagde Asnet. „Eg tykjest sjaa som ei Stjørna langt burte, men det er so langt, det er berre so myket eg ser det,“ sagde han. „Ja det er Gullborgi, som den yngste Kongsdotteri bur i,“ sagde det. So kvilte dei nokot lenge og so toko dei ut atter, yver Heidar, langt og lenge. „Ser du nokor Lysa no?“ sagde Asnet. „Ja det lyser so, at det set i Augo mine, so eg kann ’kje glo,“ sagde han. „Ja no ero me ved Gullborgi daa,“ sagde det; „og her liggja tvo Lindarormar til Vakt utanfyre, og dei hava leget og sovet i hundrad Aar. Og no maa du bera fram alle Griseskrottarne og leggja i ein Haug, og so koma dei, og so ero dei so vonde at, med same dei vakna, grava dei Dottarne utor Augom sinom: det er so Fillorna fjuka. Men du maa ’kje vera rædd: du spring ifraa, til dei hava etet seg mette; so verda dei tyde og blide paa deg. Og no er det Middags Leite, og nett no heve Risen teket ut, so kjem han atter Midnættes Tider, og naar han er burte, ligg Kongsdotteri og søv, og du kjem inn og ser henne, men du fær ’kje tala med henne, av di ho søv: