39
„Eg græt fyre di, at Brøderne mine hava sagt til Kongen,
at eg kann henta Dotter hans atter, um eg vilde; og no drep
han meg, gjerer eg det inkje,“ sagde han.
„Ja eg sagde det til deg; kvi lydde du ’kje meg?“ sagde ho.
„Jau, men eg tykte det var so vænt, eg kunde ’kje umbera det,“ sagde han.
„Ja no fær du ganga til Kongen atter,“ sagde ho, „og bidja um Nista og ein god Peningpung og Hest og Sadel og tolv Ukseskrottar og tolv Hesteskrottar og tolv Griseskrottar og tolv Hestehuder og tolv Tunnor Tjøra og tolv Tylvter med Hestskosaum, og det fær du med same du krev det. So skal eg fylgja med deg eit Stykke paa Veg, eg,“ sa ’ho.
So gjekk han heim til Kongen atter og bad um alt detta. Den gamle Kjeringi fylgde med.
Daa han so hadde fenget det han tyktest turva, toko dei ut atter og foro langt og lenge. So komo dei til eit skymelege stort Flog-Fjell, som dei visste seg ingi Raad til aa sleppa upp-i. So kom der ein Ravn. „Tak denne Guten og lyft honom av upp-aa Fjellet, du!“ sagde ho til Ravnen. „Ja set deg paa Ryggen min!“ sagde Ravnen. So gaadde ikkje Guten aat, fyrr han var upp-aa høgste Fjellet, og der gjekk det og valtrade ein Trollunge, som hadde vinglat seg burt. So tok han denne Trollungen og hadde med seg og kom til ein Risegard med honom. Daa vardt Risen so glad fyre di han hadde komet atter med Ungen hans, og spurde kvat han vilde hava i Løn. No hadde Kjeringi fortalt Guten fyrr, at so skulde skje, og hadde