Hopp til innhold

Side:Ein Soge-Bundel.djvu/40

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

36

Matbite med deim, — ho hadde ’kje smakat Mat paa eitt hundrad Aar, sagde ho.

„Ja heve du bidat so lenge, so kann du bida sidan og,“ sagde dei, „me hava ’kje meir en me turva sjølve: d’er ’kje visst ko lang Veg me kann koma til gjera.“

„Ja det er væl so det,“ sagde ho.

Um eit litet Bil komo dei til ein Kongsgard. So funno dei Kongen heime og spurde um dei kunde faa Tenest hjaa honom.

„Kvat kann de gjera daa?“ sagde Kongen.

„Nokot so nær, kvat helst Kongen set oss,“ sagde dei.

„Eg er so sutfull og illa faren,“ sagde han, „eg heve mist alle mine tri Døtter, den Dag dei skulde standa Brud. Eg bryr meg litet um Folk, men de kunna nog faa vera.“ So vaaro dei der ei lang Rid.

So samnade Oskelabben i Hop dei Braudmolarne, der var atter, og tok ut, han og. So kom han paa ei stor Slett og lagde seg til kvila. Daa kom det ei eldende gomoll Kjering til honom, — ho var so gomoll, ho gjekk tvikrokutt paa ein Stav, og skuddrade og skalv, so ho gjekk mest sund.

„Vil du gjeva meg eit Grand Mat med deg,“ sagde ho, — „eg er so solti, eg heve ’kje smakat Matbiten paa eitt hundrad Aar.“

„Ja heve du bidat so lenge, so er det ’kje for tidlegt, du fær nokot litet aa liva av daa, gamle Mor!“

„Og etter di at du kallade meg „gamle Mor,“ so skal eg visst gjera deg eit Morsstykke atter.“