35
taka ut og aldri koma atter, skulde han faa so myket Gull og Sylv som han vann bera.
„Ja ber eg, so tek eg baade Hus og Fjell og alt i Hop.“
Ja so fekk Risen bera, alt med han vann.
Daa dei komo nær ved Garden, der Guten var heime, stod der ei Hesja.
„Kvat er detta?“ spurde Risen, og foor til verda rædd.
„Aa, det er Styggemannan,“ sagde Guten.
Daa slengde Risen Byrdi si og lagde i Veg, men Guten heeldt paa aa bera heim Gull og Sylv i samfelde aatta Dagar.
Oskelabben og Asnet.
So var det og ein Gong ein Mann som hadde tri Søner. So døydde baade han og Moder deira, og dei tvo eldste Gutarne toko alt det, der var og beid og fannst, og leto Oskelabben vera atter einsamall med nokre smaae turkade Braudmolar til eta paa.
So toko dei ut, desse tvo Brøderne, og vilde av og tena. So komo dei paa ei stor Slett og der lagde dei seg til sova. Daa kom det til deim ei eldende gomoll Kjering, — ho var so gomoll, at ho gjekk tvihendes paa ein Stav og riste og skalv, so ho ristest mest sund —, og ho bad um ho maatte faa ein
3*