Hopp til innhold

Side:Ein Soge-Bundel.djvu/32

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

28


ho aldri skulde seet denne meir, men at ho skulde fenget Garden med Lut og Lunnende aat Dotter si —, daa vardt ho so sinnad, at ho gjekk av og hengde seg upp, og Dotter hennar vardt likeso sinnad yver at ho inkje skulde verda gift fyre Kongsdotteri og faa Garden, og so hengde ho seg upp.

Men Kongen foor med alle sine velduge Riddarar aat „den gylte Skog“ og drakk Brudlaup aat Dotter si. Aa daa det var umme, tok Fader hennar baade henne og Mann hennar med seg attende til Rikeborg, og der vordo dei Ervingar til alt, som Kongen aatte og hadde, og der livde dei herlege og væl.

So gjekk det med deim. Og den som inkje vil tru det, kann gjera kvat han vil, for eg veit at det er sant: han liver den sidste som fortalde det.




Guten og Risen.


Det var eingong ein liten Gut, som var ute og gjætte fyre Fader sin. Som han daa gjætte uppunder ein Fjellskut, kom Risen i det Fjellet styngs imot honom. So vardt Guten helder rædd, men han heeldt seg ved Mod og tok ein Ystel upp av Skreppa si og til aa eta.