Hopp til innhold

Side:Ein Soge-Bundel.djvu/26

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

22

meg Godnaatt ifraa Syster mi, ho er Stykmor aat den eina Jomfrui, og meg hava dei gjevet detta fine Plagget.“

„Kvar vilja dei av?“ sagde Jøtulen,

„Aa, dei vilja aat den gylte Skog,“ sagde Gygri.

„Aa, dit koma dei aldri,“ sagde han, „eg kjem derifraa no, eg.“

„Aa jau, du fær hjelpa deim til, du,“ sagde Gygri,“ du fær laana dei Bergarenna di,“ — det var Hesten hans, det —.

„Ja eg fær væl det,“ sagde han, „og so skal du segja til deim, at fyrst dei koma aat Berget til Syster di, so skulo dei strjuka Bergarenna paa Lendi og segja det: „der du tok Aabiten, skal du taka Kvelden,“ so gjeng ho heim-att aaleine.“

So i Morgonkvisli foor han avstad gjæta Geiter. Ut paa Morgonen gav Gygri dei Mat og Drikka og so sadlade ho Bergarenna aat deim og sagde deim, kvat dei skulde segja til Bergarenna, naar dei slepte henne attende. „Aa so maa de helsa Godnaatt til Syster mi,“ sagde ho. So baado dei Farvæl med henne og toko ut.

So foro dei lengstom og lenge, til det vardt Kvelden, daa komo dei til eit Berg atter og so struko dei Bergarenna paa Lendi og sagde det: „Der du tok Aabiten, skal du taka Kvelden,“ so strauk ho heim-atter; so bankade dei paa der.

„Kven er som bankar paa mi Dyr?“ sagde Gygri.

„Aa det er tvæ fina Jomfruer, som bidja um Hus i Naatt,“ sagde dei.“

„Ja det kunna de gjerna faa,“ sagde Gygri; „men fyrst Mann min kjem heim-att i Naatt, so slær han dykker i Hel.“