Hopp til innhold

Side:Ein Soge-Bundel.djvu/21

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

17

Berget, so spring baade Berg og Rise og alt saman i hundrad Molar, — so verda me frelste,“ sagde ho.

„Falke-Styrk og Falke-Mod!“ — so var det berre eit handsnutt Bil, so kom han til der Grise-Risen laag daud. „Løve-Styrk og Løve-Mod!“ sa’n og so reiv han Risen i Fillor og tok Hjarta og Livr og Lungor og stappade ned i ein Larve-Sekk og tok ut atter. „Falke-Styrk og Falke-Mod!“ — vardt han Falk atter. Kom han nær Berget atter og lagde han Sekken eit litet Stykke ifraa. Ynskte han seg i Rev atter og smaug av inn igjenom Glovorna, til han kom til den innste Riva, so ynskte han seg i Maur og krak upp igjenom og upp etter Leggen paa den yngste Kongsdotteri.

So bad ho at dei maatte ut alle tri.

„De kunna nog det, naar de inkje ero lenge,“ sagde Risen.

„Nei me skulo vera snøgge,“ sagde dei.

Naar dei kom no ut, so gjekk dei eit litet Stykke ifraa Berget, og han vardt Kar atter og kastade Hjartat og Livri og Lungorna upp-aa Berget, og Berget tok Eld og det brann og sprang sundt, baade Berg og Rise, i Molar. So vardt der ein ven Gard, so ven som dei aldri hadde seet Gard, der som Ryseberget var. Og der kom tvo unge Prinsar utor Garden og gjekk burt til Guten og nevetakkade honom fyre Hjelpi, han hadde gjort.

„Me vordo skapade her i eit stort Fjell, og no er Risen drepen og me ero frelste. No skulo me taka kvaar si Kongsdotter, ifall dei vilja, — og Rikdom hava me nog av sjølve baade fyre

2