16
Ja, so slepte Karen henne ut. So var det berre eit handsnutt Bil, so kom der ein svart Dott, liksom ei Sky, — tykte dei det var —, og tok henne og foor av med henne. „Falke-Styrk og Falke-Mod!“ — Risen fyre og han etter, i Falk.
So kom dei til eit stort Berg; der kom dei burt fyre honom: Risen foor inn, og alt var som sokket ned. No var der so fæle Glovur inn igjenom Berget. „Reve-Styrk og Reve-Krokar!“ — vardt han Rev og smaug av inn igjenom so langt som han kunde sleppa, so slapp han ’kje lenger. So kagade han inn igjenom ei smal Riva, der gaadde han alle tri Kongsdøtterna saato paa ein Benk og kjembde seg. Maure-Styrk og Maure-Mod!“ — vardt han Maur og krak inn igjenom Berg-Riva og upp etter Leggen paa den yngste. So kom ho i Hug, kvat Slag detta var, og bad Risen um ho maatte ut litet Grand. „Ja du maa nog det, naar du inkje er lenge,“ sagde han.
So gjekk ho ut og bar Mauren paa Leggen sin. Naar dei kom ut um Berget, var han Kar atter.
„Kann du segja meg Raad, korso eg skal frelsa dykker ut or Berget?“ sagde han.
„Jau, var det ikkje du som drap Grise-Risen?“ sagde ho.
Jau det var han.
„Ja so far dit og tak Hjartat og Livri og Lungorna utor den Risen og kom heran atter med det, so kann du koma inn paa same Vis som du kom idag; men du maa leggja det ned eit litet Stykke ifraa Berget. So skulo me bidja, me maa ut alle tri, so kastar du Hjartat og Livri og Lungorna upp-aa