Hopp til innhold

Side:Ein Soge-Bundel.djvu/19

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

15

av upp-aa nokre høge Svaler, som vaaro jamhøge mest med Taket, der Kongen hadde faret yver paa Vindespilet. Naar han kom daa dit, var der no so fullt med Trapper rundt ikring. „Reve-Styrk og Reve-Krokar!“ sa’n, — so vardt han Rev og flaug rundt ikring Trapperna som ein annan Katt. So kom han inn aat Dyri og saag igjenom Lykleholet: der sat ei Ungmøy paa ein Stol og kjembde seg. „Maure-Styrk og Maure-Mod!“ sa’n, so krak han inn igjenom Lykleholet. Naar han kom daa inn um Dyri, so vardt han i ein Kar atter, og Gjenta vardt so rædd, at ho uvitade mest.

„Du tarv ’kje verda so rædd,“ sagde han, „for eg er ein Kar, som kann ynskja meg i kvat eg vil, mest, og eg skal verja deg,“ sa’n. Og so fortalde han, korso han hadde fenget denne Magti til aa skapa seg um, av alle dei Dyri. So vorto dei gode Viner daa.

So bad ho so vent, at ho maatte ut ein Dag. „Eg torer væl ’kje sleppa deg ut,“ sagde han, „eg kunde missa deg; Risen kunde koma og taka deg.“

No fortalde han det, at han hadde drepet den Risen, som tok Grisen. „Ja naar du heve drepet Grise-Risen, so drep du Risen, som tek meg, og.“ Og ho bad og freistade, at ho maatte ut, um det var berre eit litet Bil, so vidt at ho fekk anda fritt.

So kom Kongen og heim atter, og so fortalde Guten, at ho freistade og bad so, at ho maatte sleppa ut: dei laut lata henne faa koma ut eit litet Bil. „Ja vaagar du deg til det,“ sagde Kongen, „so fær du og standa fyre henne.“