14
„Eg tenkjer du heve fenget Griser nog,“ sagde Karen.
„Det skal me freistast um, det!“ sagde Risen.
„Ja det vøre mi Moro og, det,“ sagde Karen: „Løve-Styrk og Løve-Mod!“ sa’n. So sette han midt paa Risen og til aa klora og bita so stegglege. Risen slo og spende, og Løva beit og klorade. „Bjørne-Styrk og Bjørne-Mod og!“ sagde Karen. Daa vardt han dubbelt so god og so gjorde han Ende paa Risen i eit handsnutt Bil.
So kom Hyrdingen heimatter um Kvelden med alle Griserne. „Korso kann det hava seg, med di du kjem atter med alle Griserne?“ sagde Kongen. „Ja det kom ein Kar etter meg, som skapade seg i ei Løva og ein Bjørn og drap Risen.“ „Det var snild Kar,“ sagde Kongen.
No hadde den Kongen tri Døtter, og so hadde han mist baada dei eldste Døtterna sina til eit Troll. So hadde han atter den yngste Dotteri, og der slapp aldri Menneske inn til henne, annat han sjølv; og han kastade seg yver eit Vindespil inn til henne. So bad ho so vent, at ho maatte ut: ho saag dei andre reika ute paa Vegen og Gatorna, og ho maatte sitja inne altstødt. Nei, hann torde ’kje sleppa henne ut. Dermed var det ein Dag, Kongen skulde ut paa ei Langferd, so sagde han det til Karen: „No set eg deg til aa vakta Dotter mi, um du trur deg til aa sleppa inn til henne.“ „Ja eg slepp altid inn der du slepp inn,“ sagde han. So tok Kongen ut.
So stod Karen utanfyre og gloste paa detta Huset, som ho var inni. „Falke-Styrk og Falke-Mod!“ sa’n, — so fauk han