Hopp til innhold

Side:Ein Soge-Bundel.djvu/11

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

7

med Horni sine og sette eitt Horn i kvar Nasebora og reiv og sleit, so han sleit mest sund Nosi hans. So kom Røysekatten og sette seg til blaasa midt i Nosi paa ’n. Og Haren var reint forvimrad og sprang rund ikring Budi paa sitt arme Liv. Og Hanen var so rædd, han fauk av upp-aa ein Aas og kurklade og gol, so Bjørnen vardt reint fælen. Daa maatte han ut: han var mest Ende paa. So ragade han burtetter Vegen, so møter han Reven, som hadde haldet seg nokot litet ifraa, daa han høyrde Stuket derinne.

„Aa du din Skarv, som narrade meg!“ sagde Bjørnen, „no er eg mestom drepen.“ „Korso daa?“ sagde Reven.

„Jau fyrst kom Smeden sjølv med Hamaren sin og slo til meg midt i Syni. So kom den eine Smeddrengen med ei Sleggja so stor, — ho var stælt i baade Endar —, daa var det nær paa at Hovudet mitt hadde klovnat. So kom den andre Smeddrengen atter med ei lang og heit Tong og sette ei Grein i kvar Nasebora og reiv og sleit mest Nosi upp paa meg. Og so kom der ein liten ein, — eg tenkjer det maatte vera Kolfuten —, og han blees meg i Nosi, men det var det allerverste: det sette alt aat Hjarta paa meg. So sprang der ein liten kvit Hund rund ikring Budi, som saag rettugt skarpleg ut: hadde den komet, hadde han rivet ut Augo paa meg. Og so veit eg ’kje kvat det var, — kvaar de var ein Klokkar elder annat —, som sat uppi Rotet og song liksom ein Liksalme, so det svarade i Budi. Daa laut eg taka ut atter. — No skal eg væl drepa deg, din Skarv, som narrade meg slikt!“