6
og leto atter Dyri, og til aa eta, alle saman, og nosa seg: Hanen plukkade seg Høyfræ og Røysekatten fann seg Myser i kvar Roi og kvar Sudi. Men Reven sat midt i Løda og gloste og glaapte paa dei andre som aato.
So spurde Reven, um han maatte koma ut og sjaa aa finna seg noko Vilt, — han hadde ’kje nokot til eta, sa’n — og um so dei vilde sleppa honom inn atter, fyrst han bankade paa Dyri. Ja-ha, det skulde dei.
So tok Reven til Skogs og vilde finna seg Veidn og so møtte han ein Bjørn. „Go Dag,“ sagde Reven. „God Dag,“ sagde Bjørnen, „kvar skal du etter i Dag?“ „Aa eg skulde av og finna meg Mat,“ sagde Reven; „men no er du sterk, no skal eg syna deg ei Løda, som er so full av Dyr og Kretur; so skal det verda Raad til faa seg Mat.“
So fylgdest dei til Løda. „No maa du banka paa Dyri,“ sagde Reven. So bankade Bjørnen.
So sagde Stuten: „Me vilja sleppa’n inn.“
„Nei halt no!“ sagde Røysekatten til Stuten, „eg er forviten, eg vil fyrst upp i denne Riva og sjaa kven det er. — Hu! d’er ein kaldlege stor Bjørn! du maa ’kje sleppa’n inn,“ sa’n. So slepte dei ’kje Bjørnen inn.
„Eg skal nog vita meg Raad,“ sagde Bjørnen. So peisade han og grov under Svilli, til han slapp inn med Hovudet. Med same han fekk inn Hovudet, smelte Stuten til honom midt i Syni. So tok Vedren Renne fraa den hi Sida av Løda og beint i Skallen paa Bjønnen atter. So kom Bukken takande