Hopp til innhold

Side:Ei liti landkunna elder geografi.djvu/7

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

[Læraren kann her teikua eit kort yver skulehuset og umgivnaden.]

Vil eg teikna eit kort yver ei grend, byr eg vita, kvar nord, aust, sud og vest er. For veit eg ikkje det, daa veit eg ikkje, korleides kortet mitt høver ihop med andre kort.

Klokka 12 um middagen stend soli rett i sud. Snur eg meg daa med ryggen aat solii hev eg nord beint framfyr meg, vøst paa vinstre hand, aust paa høgre. Reiste eg beint fram alltid lenger og

Denne siden inneholder en illustrasjon som bør klippes ut og lastes opp til Commons.

lenger, vilde eg tllsidst koma til nord polen; reiste eg den motsnudde vegen, vilde eg sidstpaa koma til sudpolen.

Eg kann ogso bruka eit kompas. Dette er ei øskja med ein liten magnetstav, som kann svinga seg fritt paa ein tapp, som stend upp fraa botnen av øskja.

Denne siden inneholder en illustrasjon som bør klippes ut og lastes opp til Commons.

Kompas.


Magnetstaven snur seg av seg sjølv med den eine enden imot nord og den an dre mot sud. Han peikar like vel ikkje rett beint i nord og sud; han stend ein liten grand skeivt, for den nordlege enden

peikar litet grand for langt mot vest.

Nord, sud, aust og vest kallar me dei fire ætter elder heimshyrnor; umfram deim reknar dei fleire andre, nordaust, nordvest o. s. fr. Istadenfyr nord skriv dei ofte berre n., istadenfyr nordaust na. o. s. fr. Korti hev dei oftast stelt til slik, at nord vender upp, og sud ned.

8. Aa segja kvar ein stad ligg paa jordi. Kvar sirkel (ring) vert avdeilt i 360 like store luter, som dei kallar grader (dei vert skrivns slik: 10, 20, 30 o. s. fr.).

Ein halv sirkel umfatar daa 180, ein kvart sirkel 900. Ein grad vert deilt i 60 minuttar, l minutt i 60 sekund.

Me tenkjer oss, at det vert dreget tvo linor paa jordi; den eine er ækva tor, som er umtalad fyrr; den andre vert kallad den fyrste meridian. Det er ein halvsirkel, som me tenkjer oss vert dregen millom baade polarne yver ein by i Eng land, som heiter Greenwich (les: Grinitj).

Denne siden inneholder en illustrasjon som bør klippes ut og lastes opp til Commons.

Er det no ein stad, som me vil hava greida paa, kvar han ligg, tenkjer mo oss tvo linor dregne gjenom honom. Den eine lina er ein sirkel jamsides med ækvator, breiddarsirkelen aat staden; den andre er ein halvsirkel gjenom staden og polarne paa jordi. Ein slik halvsirkel kallar dei ein meridian (middagsstrik). Fyrst reknar me etter paa denne, kor mange grader, minuttar og sekund sta den ligg nord elder sud fyr ækvator; dette vert kallat breiddi aat staden. Der næst reknar me etter paa ækvator, kormange grader staden ligg aust elder vest fyre den fyrste meridianen; dette vert kallat lengdi aat staden.

9. Naærmast ækvator er det varmast paa jordi; attmed polarne er det kaldast. Dette kjem avdi, at straalarne aat soli vermer meir, naar dei kjem beint inn mot jordflata enn naar dei kjem inn paa sneid.

Under 231/29 n. b. [232/2 grad nordleg breidd] tenkjer dei seg ein breiddar sirkel, som vert kallad det nordlege ven dingsstrik; under 23!39 s. b. er det sudlege vendingsstrikk Den luten av jordi, som ligg millom desse tvo striki, vert kallad det varme jordbeltet. Under 66*/. n. b. og 66! ø0 s. b. tenkjer dei seg tvo andre sirklar, som vert kallade den