Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/87

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

79 for dette tale skriv seg kann-hende upphavleg fraa di at ymse spendyr ber avkjøme i nie raaanar. 22. Gull er det nøgdi av hjaa jøtnane (saral. Trymskv. 23). I folkevisa utn Hake og bergemannen er tusseheimen kalla gullberge" som glimar og glor", og eit kvende som hev vori innkvervt der segjer: meire gull fær eg aldri sjaa." 26. Temjings-tein. Sjaa gambantein v. 32. Fyrr Skirne tek til aa galdre for aalvor og riste runir {v. 35 og 36), fortel han fyrst korleis galdringi vil verke. 27. Ørnetiwa (Aretuva, av are, ørn). Tuva finn ein brukt i fjellnamn helst i Fjordane (Y. Holmedal, Askvoll, Bremanger, Selja, Honndalen), ogso i Bjugn og nordetter til Nordland. Ja sjølve namne Ørnetuva finst; so heiter fjell i Vanelven, paa Alsen (Helgeland) og i Lofoten. Arekletten finst i Masfjorden og i Naustdal. Fraane-ormen. Sume tenkjer her er meint Midgardsormen. Rimne er ogso nemnd i Hyndl., hjaa Snorre, i sogo mn Grim lodinkinn (der kona hans heiter Hyrja) og i Vols. s. Han er vel den same som Rimgrimne v. 32. Giulevorden er etter Loketr. 48 Heimdall. Bak grindom. Meint er vel Hel-grindi. 31. Tistil. Paa Romerike er det folketru, at kvi lyt hava ein tistil i fore sitt um vinteren, skal ho vera god til aa reise seg um vaaren. Tistilar brukte dei vel daa gamalt aa slengje uppaa høystaale. Gambantein, trollstav. Orde er inkje godt aa tyde *). Ynskjekvisten. lukkestaven, hev mange namn. Osketein (retta for husketein"), tyder beintfram ynskjetein, i ei folkevise. Elles er han kalla stav, seidstav, vol (staven til Grid og til volvune 2), ogso gandstav eller berre gand (Gondul, ei valkyrju, og Gondli, namn paa Odin, som hadde trollspjote Gungne). Syevrttorn i kvæde um Sigerdriva, sml. troll ved (krosstorn). Sigmunds-svipa heiter han paa Lista, peikestikke i Nordland, murukvist sume stadir. Dei trudde ein kunde bruke ein slik trolistav til mangt: finne vatn og malm og skattar, skræme troll, temja kvende (ja faa magt yvir alle menneskje, segjer Nibelunge-kvæde), til vaapn, baade til aa taka liv og kveikje live att, til aa gjera alle slag trollskap (ride paa, sende i ærend, gandferd" o. s. fr.), svæve folk, døyve eller vekkje minne, halde fast alt som kjem burtaat. Sigmundssvipa er ein samanvaksin knut av bjørkegreinir som ein skal taka paa nordsida av ein bekk. Peikestikka i Nordland skal vera ein raunkvist som hev vaksi fast i ei ’) J. Grimm tenkte paa angels, gamban, der H. Sveet trur det ligg til grunn ei form gamba f., skatt. Altso: skattetein, ein stav som ein karm tvinge nokon til aa reide skatt med eller til aa finne skattar. Det er vel inkje sagt at diktaren heilt hev skyna orde, men brukt det um ein trollstav. Sjølve det framande orde totte han kanskje hadde noko skræmelegt ved seg. a) r Kjeringa med staven"?