Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/86

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er ikke korrekturlest


78 Skirnesmaal karm ein, um ein vil, taka baade som eit kjærleiks-kvæde, og som ein song um vaaren i Norig, og som eit religiøst dikt. Kjenslur i bringa hadde den som skapte dette kvæde. 4. Gullstraale (Alvrodul), soli. 12. Jølunheiinen vert skildra som ein daudeheim. Skirne vert spurd um han alt er framfarin (avlidin), sidan han kjem der. Elles gjeng vegen til Helheimen nord og ned, gjenom Jøtimheimen ? 16. Um bror til Gjerd hev me ingin kunnskap. Bele, som Frøy drap, karm det inkje vera; dette høver daa visst inkje med Snorre si melding, at Frøy alt hadde mist sverde daa han drap Bele, so han laut bruke neven. Av segni um Gjerd hev me vel berre ein stubb i kvæde um Skirne. 19. Elleve eple. Elleve (ellifo) eple stend det i hand skrifti. S. Grundtvig meiner at dette er ei misskriving, og at det fraa fyrst hev vori tale um ungdomseple, æsine sitt ellisyf (raad mot alderdom), som det andre stadir er fortalt at Idunn aatte. Etande villeple finst det no so langt nord som i nørdre Trondheim. Eple hev dei nyleg funni i eit vikingskip paa Vestfold. Alt i Frostatingslovi er eple nemnde. Gardsnamn som er samansette med Apald (Apaldsnes, Apaldsvik o. s. fr.) finn ein rundt lande heilt upp til Trondheim. Var Glase, tree med gull-lauv, som stod i Aasgard, kann hende tenkt aa vera ein apald? Det vilde daa vera eit sol symbol 1 ). Sml. Grimn. 39. Epli hev vori gamle elskhugs-symbol; folkevisur fortel um eple med innskrivne runir, som gav sers kraft til aa magtstela hugen. Ein maa inkje eta eple som ein hev fengi av ein framand mann," segjer folk endaa. Gull-apalden tykkjest difor aa høve godt til aa vera i sol og elskh.ugsguden_. Frøy sl eige. Hellenane og trudde at det fanst gulleple-tre langt i vest, i hagen til hesperidane. Her, meiner S. Bugge, finn ein upp have til epli i gudekvædi vaare 2). Elles, segjer han, er de gyldne æbler, der bydes for at vinde elskov, de foryngende og de frugtbargjørende æbler, saa vidt udbredte i den europæiske folkedigtning at de na^sten kan kaldes den europæiske folkedigtnings fælleseie." 21. Ringen som vart brend med Odins son (Balder) er Draupne, som etter Snorre vart send attende fraa Hel. Er (liksom hjule) gamalt sol-symbol. Ni-tale og tri-tale finn ein ofte i gudelæra. Keltane heldt ogso tri-tale hævt, like eins hellenane, som og tok ni-tale med (9 musar); nie aar slo dei saman til ei aar-rekkje. Vyrdnaden ') I India er det fraa gomol tid segn um soli sin apald, som hev liv- gjevande kraft.

  • ) Aller fyrste upphave trur S. Bugge og M. Moe er fraa 1. Mosebog 2, 9.

5. Moseb. 33, 13—14 (Vulgata). Sml. Johs. op. 2, 7 og 22, I—2 .