Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/73

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

65 Merkelegt er det drage, at skalden blandar si eigi meining inn, der han i fyrimælingi segjer at det var berre heimløysur det at kong Geirrod skulde vera slik ein matniding. Dersom han med dette hev tenkt paa Halvdan, lyt ein tru at skalden hadde vori Halvdans ven og vilde jamne paa det orde som No er det ein av hirdskaldane hans Harald som og hadde vori skald til Halvdan far hans. Han het Audun og hadde høgst plass av alle skaldane til Harald. Difor karm ein godt tru at Audun er upphaysmannen. Kvar Audun var ifraa veit me inkje, men vonleg heldt han seg mykje paa austlande hjaa Halvdan svarte. Paa aust lande er det ogso ymse namn som minner um Grimnesmaal (Valaskjoll, Sekkebekk, Gladheim, Tund). Men for mykje torer ein inkje byggje paa dette, daa ein inkje karm segja fullvisst kva som" er upphavlegt og kva som er innskot. I innskoti er det meir som ein finn att paa austlande. Den meiningi er truleg, at Grimnesmaal og Vavtrudnes maal hev same upphavsmannen, kann-hende ein austlending. Innskot. 11. Tnjmheim, den durande heimen. Risen Tjasse røva Idunn ved hjelp av Loke, som laut skaffe ho heim att. Tjasse fylgde i fugle-ham heilt til Aasgard, men datt ned i etden og døydde. Um dette er det fortalt i kvæde Haustlong. - Skade, dotter hans, kravde bot for far sin, og fekk velja til mann den av æsine som hadde fagraste føtar. Ho meinte dette skulde vera Balder, men det vart Njørd ho soleis fekk; fortel Snorre. 12. Breidablik, straalande vidt og breidt. 13. Himinbjørg, himil-berg. 14. Folkvang, bustaden der her-flokkar samlar seg. —r Med Frøya, fruga, trur dei det her er meint Frigg. 15. Glitne, den glitrande heimen. Forsete, han som sit fremst, fyrimann, præses, son til Odin. Forsetegard paa Onsøy, Austfold. Han karm inkje ha vori vidkjend og inkje nokon gamall gud, elles hadde sonen loti hemne far sin. 17. Vide, skog-heim. Vidar (skogmann eller vidfaring) held seg iro i skogen eller paa viddi, 1) langt burte fraa folk, alt til tidi kjem daa han skal gjera storverke sitt. (Sjaa Vay trudnesmaal og Voluspaa). 24. Bilskirne, den bustaden som bilom-til er skir (upp lyst av ljon). 27. Elvenamn: Sid, som gjeng djupt nede. — Vid, den ') Tenkjelegt var det ogso, at Vidar tyder mannen i tree; soleis at, daa Odin fall, livna han upp i tree sitt, og derifraa spratt han ut att til nytt mannsliv og kalla seg Vidar. Sml. evenlyre um n ospe-kulten" og evenr tyr fraa Ægypt og Hellas og Vavtr. 45, Voluspaa 17, Haav. 49. Edda-kvæde. 5