Hopp til innhold

Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/72

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

64 og er der til vaaren, skulde daa svara til fyrimælingi aat Grimnesmaal lim brørane som var hjaa Odin paa øyi. Ein karm spyrja: naar vart denne segni bundi attaat sogo til kongane Halvdan og Harald? Var det sjølve kvæde som meinte paa Halvdan og Harald med Geirrod og Agnar? Utenkjeligt er inkje dette. Mange likskapar er her aa finne. Halvdan var og hadde trengt eldre bror sin (Olav) til sides, sameleis som Geirrod. Harald var 10 aar daa han vart konge, sameleis som Agnar son til Geirrod. Uni sjølve Grimnesmaal kunde daa gjelde det same som S. Bugge segjer um sogune fraa den seinare tid. Sagnet om Odin hos Halvdan og Harald har vistnok engang udtrykt den opfatning, at Odin fra først af har været Halvdan Svarte huld r men siden blev ham gram. Odin volder selv, at Halvdan, da denne har forgrebet sig paa guden, finder sin død. Konge stolen maa ryddes, forat sønnen Harald ved Odins personlige indgriben kan blive konge. Denne digtning er sprungen frem af den fra hedendommen bevarede livsopfatning og er et ud tryk for den samme trang til at lade Odin personlig gribe ind ved de afgjørende vendepunkter i høvdingens liv, som den der har gjort sig gjeldende i den nordiske form af volsunge sagnet. Det er som seierens gud at Odin hjælper Harald til enevældet i Norge." Daa kunde me og skyna meiningi med aa binde eventyre um dei tvo brørane attaat Grimnesmaal; det var for di ein der kunde finne att sogo um Halvdan Svarte og bror hans. Ettersom ein finn same dragi i fyrimælingi til kvæde og i eventyr fraa Nordland, hev S. Bugge tenkt seg at ein nord lending karm vera upphavsmannen til Grimnesmaal. Og han hefter seg daa ed Øyvind Finnsson Skaldaspiller. Øyvind hev sett ihop Haakonar-maal, som hev mange likskapar i maalvegen med Grimnesmaal. Tidi skulde daa vera ikr. 950. (Studier I s. 436). Øyvind bar elles tilnamne sitt (han som skiplar skaldane") med god grunn. Han laante baade beingrind, ord og vendingar og heile vers fraa eldre skaldar; han var ein hæv skald, men hadde vondt for aa skapa raama sjølv. Ein større samskipings meister tykkjest ha skapt Grimnesmaal. Og er Grimnesmaal eit kvæde i mytemaal um Halvdan og Harald, skulde ein helst tru at det var gjort til ære for Harald med han var i fyrste bragen sin. Skildringi av live i Valhall tykkjest syne god kjennskap til korleis hirdlive var hjaa ein stor konge. Ein hirdskald skulde ein tru var upp havsmannen, og daa helst ein av hirdskaldane til Harald. Hev sogo um brørane upphave sitt fra Nordland, kunde ein daa tenkje seg at Grimnesmaal var sett ihop, med kong Harald heldt seg i Trondheim, der folk fraa heile lande flokka seg um han. Det vilde daa vera eit sidestykke til Rigstula; same tanken um at Odin er Haralds raadgjevar og ven vart det i baae. Langt fraa kvarandre i tid kunde dei heller inkje vera.