Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/43

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

<poem>

Odin kvad:

8. „Gagnraad eg heiter, av gonga kjem eg tyrst til dine tuftir; fagning treng eg — hev fari lengi — og une[1] hjaa deg, jøtun.“

Vavtrudne kvad:

9. „Kvi stend du daa, Gagnraad paa golve og talar? Finn deg sess i sal! Daa skal kannast kven kunnigast er, gjest eller gamle tul.“

Odin kvad:

10. „Ringe mann som til riking kjem, segje det som tarvst, eller tegje. Ov-svall eg trur ille kjem med, skal ein faast med kaldlege kultar.“

Vavtrudne kvad:

11. „Seg meg, Gagnraad, der paa golve du stend og freiste vil din førleik: kva heiter den hesten som fram yvir heimen dagen dreg aat folk?“

Odin kvad:

12. „Skinfakse er det som fram den skire dagen dreg aat folk; fljotare finst ’kje fole hjaa reidgotar, av maani det straalar og skin.“

Vavtrudne kvad:

13. „Seg meg, Gagnraad, der paa golve du stend og vil freiste din førleik: kva er det for øyk som austan dreg natt yvir gjæve gudar?“

Odin kvad:

14. „Rimfakse heiter hesten som dreg natt yvir gjæve gudar; skumdropar han slepper kvar morgon; av det kjem dogg i dalar.“

Vavtrudne kvad:

15. „Seg meg, Gagnraad, der paa golve du stend og vil freiste din førleik: kva heiter den aai som deiler av millom jøtnar og gudar grunnen?“

Odin kvad : 16. „Iving heiter aai som ut skifter millom jøtnar og gu- dar grunnen; opi ho alle ævur skal gange

aldri kjem is paa aai.“

  1. Une, hugnad.