Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/195

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

hvis de da fandt endog det største orlogs-skib at fatte i, maatte det følge til grunds; thi efter en kort tiids forløb begynder kraken at synke og give sig ned i dybet paa nye. Naar det skeer, er faren ligesaa stor som tilforn, hvis man befinder sig nær derved, efterdi dens synkende bevægelse giør mange store svælg i havet og ved dragsue, som det kaldes, tager alting med sig, ikke anderledes end male-strømmen ved Moskøe.“

Det er vel den same som Kongespegilen kallar hafgufa, av gufa, røyk, eim. Ho tykkjest meir lik eit land enn ein fisk, og det er von at det berre finst tvo stykke av same slage.

Kraken eller havguva nemner Snorre i Edda; like eins Orvar-Odds saga c 21. Ogso i Olai Magni historia lib 21 c 25.

„Grundlaget for disse beretninger maa sandsynligvis søges hos Arianios Flavius, romersk forfatter i keisertiden, født i den sidste halvdel af det Iste aarh.,“ segjer Helland etter Moltke Moe.

4. Snorre fortel at daa Tor fekk nattstad hjaa Egil, slagta han bukkane, og dei vart etne til kvelds. Han forbaud aa brjote bein. Men Tjaalve, sonen til Egil, braut av eit bein og tok mergen (etter raad fraa Loke?), og andre dagen, daa Tor vigde bukkane og vakte deim til livs att, var den eine bukken halt. Til bot for dette laut Tjaalve og Roskva, syster hans, fylgje Tor. — Eventyr paa ymse stelle fortel um dyr som vert uppetne ein dag og kjem til livs att den andre (sml. uppl. til Grimn. 18), helst kyr.

Hymskvæde hev, etter F. Jónsson, upphave sitt i Haalogaland[1] sist i det 9. aarh. Bugge og andre set tidi til det 11. aarh.

  1. Orde andskote er no berre kjent paa Leka (Namdalen). Ymse ord og vendingar finn ein att hjaa Øyvind skaldespillar, so ein kunde tenkje seg at han hev yrkt Hymes-kvæde.