Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/191

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

<poem> 20. „Havhesten[1] lyt lenger utpaa, ape-son,"[2] bad bukke-drotnen.[3] Men risen meinte han munde hava litin hug paa lenger aa ro.

21. Daa fekk han draatt, djerve Hyrne, paa kroken tvo kvalar var komne i senn. Men att- i skuten Odins-frenden, Véor, med velur paa vade[4] stelte.

22. Egnde han ongul med ukse-hovud, mannheims bergar, orme-banen. Daa gein[5] yvir kroken han som gudar hatar, som seg ringar rundt um land.

23. Drog daa djervlegt daadraske Tor eitrande ormen upp i vats-maale. Hamaren skrall i haarberge[6] paa den òv-ljote ulve-frenden.

24. Uvette ylte, det óma i fjell, heile utgamle jordi ho skalv. [Men Hyrne tok kniven og kipte av snøre.] Og fisken han kvarv i kav so fort.

25. U-kaat var jøtun, daa attende dei for, sat ved aarom, sa inkje orde, han baaten snudde beinast mot land.

Hyme kvad:

26. „Skal me leggje likt arbeid kvar, so ber du kvalann til bøen fram, eller du havbukken[7] hiver paa land.“

27. Gjekk Lorride stad og i stamnen greip, heiv havhesten[7] upp, med austren[8] var i. Og so med aarar og ausekjerald jøtuns brimsvin[7] bar han til gards igjenom skogsnar

og skòr-dalar.

  1. Havhesten, skipe.
  2. Ape-son, jøtun.
  3. Bukke-drotnen, Tor.
  4. Vad, fiskesnøre.
  5. Gine, gape.
  6. Haarberge, hovude.
  7. 7,0 7,1 7,2 Havbukk, havhest, brimsvin, skip.
  8. Auster, vatn i baaten.