Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/190

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

<poem> Tjorane tri tok dei daa fram; skulde alle i senn[1] sjodast,[2] baud han.

15. Kvar stut eit hovud stuttare vart; sidan vart dei slengde paa elden. Mannen til Siv for seg sjølv tvo uksar aat upp heilt, fyrr han hugast aa sova.

16. Det rann fyri[3] graae Rungnes-frenden, at Tor hadde fengi full stor kveldsverd. „Ein annan kveld me karane tri påå veiding lyt ut skal me vonast faa mat.“

17. Véor vilde paa vaagen ro ut, um balde jøtun beite munde gjeva.

Hyme kvad:

„Av buskapen min du bergdana-øydar[4] søkje deg beite, um du styrken din trur.

18. Vonar daa eg at uvandt det er for deg av ein ukse agn aa laga.“ Sveinen skjotleg sveiv til skogs der stod aalsvarte uksen fyri han.

19. Tok han tjoren, tusse-banen,[5] braut so heile hornborgi[6] ned.

Hyme kvad:

„Endaa verre verk du gjer, enn naar still du sat, sjø-kulten[7] tykkjer.“

[Hadde daa jøtunen ut skoti baaten. Tor gjekk i skuten og sette seg til, tok tvo aarar, og jøtunen totte at skipe byrja aa skride til gagns.

Sat sjølv Hyme i halsen framme, og baae rodde so radt dei kunde. Kvad daa Hyme at komne var dei fram paa grunnar

der fiske-von var.][8]

  1. I senn, paa ein gong.
  2. Sjode, koke.
  3. Rann fyri, kom fyri, tottest.
  4. Bergdanir, troll.
  5. Tusse-banen, Tor.
  6. Hornborgi, hovude.
  7. Sjø-kulten, Hyme.
  8. Etter Snorre.