Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/189

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

<poem> 7. Drjugt dei dreiv paa dagen frametter; langt fraa Aasgard til Egil kom dei. Hornfagre bukkar husrom gav han. So bar det til halli som Hyme aatte.

8. Ho godmor gjorde guten fælin, nie hundrad hovud bar ho. Daa steig fram ei onnor som skein av gull, ljosbrynte[1] drosi drykk baud sonen.

9. „Høyr, jøtun-svein! Setje dykk no under kjèlane kultar baae. Kallen min er kranglut ofte mot framande folk, og det flyg paa ’n sinne.“

10. Drygde vaaen[2] i veideskogen, seint hardhausen heim att kom. Steig han i sal, small is-tappann, kinn-skogen[3] var paa kallen fròsin.

Frilla kvad:

11. „Heil deg Hyrne! du hugmild vere, son er komin til salen din, som fraa vidan veg me venta longo; fylgjer honom frægdar-kjempa, manna-venen, som Véor heiter.

12. Du ser kvar dei sit ved sals-gavlen[4], dei berga seg hev bak-um stolpen. Risen stirde so stolpen brotna, aasen stokk sund i stubbane tvo.

13. Kanta av knagg kjèlar aatte; berre ein var so hard han heldt i støyten. Fram so gjekk dei, men forn-jøtun[5] fylgde med augo andskòten[6] sin.

14. Munde illt han ottast, naar øygne han fekk gygre-grøtar[7]

paa golv komin.

  1. Ljosbrynt, med ljose augnebrunir.
  2. Vaae, ein faarleg kar.
  3. Kinn-skog, skjegg.
  4. Gavl, tvervegg.
  5. Forn-jøtun, Hyme.
  6. Andskòte, motstandar.
  7. Gygre-grøtar, den som grøter gygrar (fær deim til aa graate).