Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/186

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


Ottar. Ætti hans vert rekna attende i mange greinir:

1. Gjenom far hans, Innstein, yvir Ulv og Sæfare til Svan. Innstein veit me var mannen til kong Haalv paa Hordaland som livde ikr. 800. (Far til Innstein er andre stadir kalla Alv den gamle, jarl paa Hordaland.) — Ottar skulde daa ha livt i det 9. aarh.

2. Gjenom farmor hans yvir Frode og Aude til Halvdan. Halvdan gamle var etter Fundinn Noregr son til kong Ring paa Ringerike og hadde 18 sønir, millom deim Aude, og Dag gift med Tora, som hadde 9 sønir, millom deim Arngrim og Ole (= Aalv gamle, v. 18?), ættfar til Ragnhild gift med Halvdan Svarte. Frode var (meiner F. Jonsson) far til Kjar eller Kjaar = Kjarval konge i Sud-Irland i 2. helvti av 9. aarh. Kjar skulde daa vera bror til Ledis, godmor eller (etter Bugge) mor til Ottar[1], som ogso etter denne rekningi kom til aa liva i det 9. aarh., med skyldfolk i Irland.

3. Gjenom mor og mormor hans yvir Kjetil, Klypp og Kaare (Horda-Kaare?) til Frode.

Ein kunde tru at det er den same Ottar som det er fortalt um i den angels. umsetjingi av heimsogo hans Orosius, at han var hjaa kong Alfred i England og noko fyri 870 fortalde um reisa si til Bjarmeland, og budde nørdst i Norig; kann hende den same som seinare sogur kallar Orvar-Odd, som sveiv baade i Bjarmeland, i Irland og i Sverike, og drogst med Arngrimssønine, Anganty og brørane hans, paa Samsøy.

Anganty. I Bjovulf er det nemnt ein svensk konge Angenþeow. Angandes heiter (etter frank, kjelde) ein danske fyrst i det 9. aarh. Theow (got. þius), træl, eller det same som thegn.

Sogo um Hervor nemner 3 som het Anganty: son til Arngrim, og son til Hervor Angantys-dotter, og soneson hennar, Anganty Heidreksson, som raadde yvir gotane daa Kjaar raadde yvir valine (= Kjarval i Sud-Irland) og Alrek den frøkne raadde yvir anglane.

Bolm (v. 24) øy etter Snorre, ligg paa Haalogaland etter sogo um Hervor. Bolms-ø i sjøen Bolmen i Småland. Bolma gamalt elvenamn i Verran, Innerøyi.

Arngrim berserk var etter Fundinn Noregr son til Dag (og Tora) Halvdansson. Saxo kallar Arngrim ei svensk kjempe. Er den Anganty Ottar skal stridast med um arv sonen til Arngrim Dagsson? Daa er han trimenning med godmor hans.

Homer fortel i hymnen til Afrodite at ho elska Anchises. Han lova aa byggje altar og ofre til ho, um ho vilde vera honom naadig. Sml. Hyndl. 10. Ho gjev seg ut for aa vera dotter til Otrevs. Ho fortel Anchises at ætti hans hev vori høg og stadi gudane nærmast av alle menneskje, og ho nemner sume av ættfolke hans fraa forne tidir.

Namne Hyndla (bikkje) meiner S. Bugge skriv seg fraa

  1. Haalvs sogu kallar mor til Innstein Gunnlod. — Andre trur at Kjar kjem av Cæsar.