Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/178

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


Frøya kvad:

Vakre deg,[1] møy-mor,
vakre deg, ven,
syster Hyndla
som i helleren bur.
Ramsvart er natti,
ride me skal
til Valhalli,
til heilagt ve.

2.
Herfader bed me
i hugen oss hava;
gull han gjev
til gjævingane.
Gav han Hermod
hjelm og brynju,
og Sigmund fekk
sverd til gaave.

3.
Han siger gjev sume,
men sume rikdom,
maalhegd til mange,
mannvit til alle,
bør paa blaamyri,
bragd[2] aat skalden,
gjente-lukke
gjev han mange.

4.
Til Tor skal eg blote
og beda honom,
han stødt deg verje
og vel han laate,
endaa u-blid han er
mot jøtun-møyar.

5.
Tak no ulv ein
ut av stallen,
lat han gange
med galten min saman.“
Hyndla kvad:
„Seint mun galten
gudeveg treda;
min skjote fole
eg sàlar inkje.

6. Du falsk er, Frøya,
og freiste meg vil.
Augo dine
alt meg segjer:
din venen fylgjer
paa valferdi med,
Ottar unge,
Innsteins son.“

  1. Vakre seg, faa seg aalvakin.
  2. Bragd, maate aa arbeide paa, „form“.