Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/173

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

165 Heimstad. E. H. Meyer finn at det meste av emne er komi fraa kristindomen. Han trur at kvæde skriv ség fraa ein prestlærd mann i det Ilte aarh. Etter det 3. aarh. nemner kyrkja skapingi, utløysningi, Kristi atterkome, tusundaarsrike og enden paa verdi som hovudstykke i dei guddomlege frelseraadir. I mange formir kom desse lærestykke til nordlandi i det fyrste tusundaare; soleis det dei kalla summen av teologia, ei folkeleg preike. Karl den store lét arbeide ut ei mynsterpreike um frelselæra, som prestane skulde prente fast i folke. Ho handla um skapingi i seks dagar, um Adam og Eva som budde under tree; for synde falle fekk Eva skuldi, men mest skuld hadde den fallne engelen. Nedstøytingi til taarne i Babel var ei straff for syndi. Herren vert kalla Guds pant, fraa saare i sida hans kjem det sonande vatne og blode som magtar aa løyse fraa syndi. Domedag syner seg med mange varsl fyriaat; det merkelegaste er Antikrist. Synd og krig kjem millom menneski. Heile verdi kjem i øsing, fem dæmonar stormar mot himilmagtine, heidnegudane vert ogso tynte. Myrkt vert det, og verdi stend i loge. Daa ser profeten ein ny himil og ei ny jord stige fram. Eit nytt sælt liv byrjar, det nye Jerusalem glansår av gull og glimestein klaarare enn soli. Den allmegtige kjem til den store domen. Fyribilæte til v. 1— 2 finn Meyer i aleksandrinsk jødedom, som ved sida aat Gud sette inn Sapienta, visdomen, eit allvitande himil-kvende. Ho hadde livt saman med gigantane. Nie himlar for dei nie engleflokkar vert nemnde. Krossen vert kalla det mæte tree, som sender toppen til himils, greinine ut yvir all verdi, og røtane under jordi heilt ned i helvite. Denne Sapientia vart kjend yvir heile vestheimen ved hellen istiske skriftir. Høne og Lodur er Henok og Elias. Yrne finn han att i dei ordi som den latinske bibel umsetningi talar um, eit andlit i djuve, som tidleg i millom alderen vart forma ut til eit risehovud. Karl den store forbaud aa laga bilæte med slike hovud. Idavollen finn han i 1 Mos. 1, 31—2.2. Dei kristne angel saksar kalla himilen heåh-getimbru", høg timbring; daa ska pingi var ferdig sa dei at englane frygda seg, og dei hadde inkje vant paa nokon ting." Gullveig trur han er Eva. Ambrosius fortel at ho vart raaka av tri pilir, d. e. tri freistingar, i paradis (= Haavahalli). — Taarne i Babel galdt for kyrkjefedrane aa vera gigantar sitt verk (jøtunsmeden). Til Valfaders pant finn han upphave i Efesiarbreve 1, 14. Sidan kallar kyrkja Jesus utløysingspante ved blode sitt. Endaa i det 16. aarh. segjer eit nordisk kvæde: Oss vaska du, Kristus, med blodfossen din." S. Bugge trur at Voluspaa-skalden var ein heidning; men stor paaverkning fraa kristindomen finst i verke hans. Og han meiner baade, liksom dr. Bang, at dette viser kjennskap til Sibylle-spaadomane, og at kristelege kvæde hev vori fyribilæte.