Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/172

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

164 Voluspaa lét dei eldste gudane, Børs sønir, bu sam-tunes" paa ein gard paa Idavollar, der dei bygde borgir og hov" og spela saman. "Og soleis skal det verte i nytidi att og, meiner kvæde: gamle grunnar skal koma fram att, det som vikingtidi med gull-giren og sermanns-hugen sin hev skipla, det skal reisast paa nytt lag, det gamle ætte-samlage koma til full rett att. Dette drage fortel oss at det er inkje ein vanleg hirdskald som hev yrkt kvæde, men heller ein storætta gamallkjær bonde som hev røynt kor ætti hev runni ut og mist samhelde og stødleiken sin ved alle sundrivingar i nytidi. At brørar inkje karm halde ihop,og gamall hjonskapssedhava sin vyrdnad, er noko av den verste samfundssyndi han veit. 64. Gim-lé, ædelstenslæ, det med ædelstene prydede trygge hjem," segjer S. Bugge. Nordboerne havde overført sit ord gimr (mase), gimsteinn ;,ædelsten", fra englænderne. der igjen har laant sit gim, gimm (mase), fra latinsk gemma, snarest igjennem det irske gemm." Han finn her en* ved vandring gjennem flere mellemled forandret gjengivelse af det himmelske Jerusalem, hvorom det heder: dens glans var ligesom den dyrebareste sten, som jaspis sten, der skinner som krystal." Dens mur var opbygget af jaspis, og staden var rent guld." Alt i Grimnesmaal vert det tala um det gullbjarte Valhall, der er salen takt med skjoldar. Innskot melder um salar som er takte med sylv. Det er daa rimelegt, at Voluspaa-skalden lét den nye gude-salen, som skal vera gjævare enn den gamle, vera takt med gull. Sume trur at orde gim tyder eld. Gimle er i alt eit motstykke til Valhall. Der var det ein herjar som drogst, her er det n dgggvar drottir", trugne hus lydar (sals-drottir) som bur i ein irédeleg heim, der alle skal hava det godt. 65. Mange finn her kristeleg innverknad. 66. Meiningi er at det snart lid til ragnarok. Nidhogg tek alt til aa lyfte paa seg og flyg snart yvir alle vollar og fører lik med seg. Volva sig daa ned; ho hev tala det ho vil. Sume meiner at Nidhogg no hev gjort sitt verk, flyg burt, og at det er ho som søkk i jordi. Det var tenkjelegt at Nidhogg her er nemnd fyrste gongen (so innskot i Grimn. og Vsp. er yngre). Og daa vilde det vera underlegt, um noko nytt vart ført fram i siste verse. Ein kunde daa tru at det er den same som det vert sagt det um at enn ho liver" (Gullveig) som no endeleg kjem burt i den nye verdi. Nid tyder tverrande maane*). Naar sumaren kjem, gjer den bleike maane-skjegla rettast i aa draga sin kos. Det «tomre" som tverrande maane fører framfyri seg karm snøgt verte likna ihop med lik som vert bori burt.

  • ) Nidhogg som gneg paa himiltree (Grimn, 32) karm ogjo vera meint

um maanen, hjortane like eins; spor av desse finst endaa i folke- minne.