Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/168

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

160 aa massere utover, so e de slik ein trummeraml, at de e fæ lande." I det gamle maale tydde trumba trompet, horn. Det er daa inkje umoglegt anna det er Heimdalls-luren som gjeng att her. Sume t3rder den andre lina i verse so, at Yggdrasils ask kjem i brand. For øyro til Magnus den gode var det Olavs-luren som lét med maning til slag mikjelsmess-eftan paa Lyrskogsheidk Gakk i slag, naar De høyrer luren min." — Daa høyrde heile folke upp-i lufti ein klokkeljod som liktest kyrkjeklokka i Nidaros, segjer Snorre. I Draumkvæde er saale-Mikkjel (erke-engelen Mikael) lur blaasar: Der kom færi sunnan-ti, ho tottest meg vera tråa; fyri rei sankte saale-Mikkjel, aa luren unde armen laag. De va sankte saale-Mikkjel, han bles i luren lange: Aa no skaa adde saaline fram fy domen gange Ein runestein paa Man hev bilæte aat ein mann med horn og bukkeskjegg som blæs i eit horn. Dei trur dette er meint aa vera Heimdall. Paulus segjer (1 Tess. 4, 16) at Herren skal koma ned av himilen med bjodande rop, med yvirengels røyst og med Guds basun." Sml. Joh.s openb. k. 8— 9. Det gamalltyske Muspilli segjer at «det himilske home gjallar". Petrus-apo kalypsen segjer at erke-engelen Mikael blæs tri gongir i basun. Like eins andre skriftir. Jødane segjer at Mikael eller Elias kjem paa høgste fjelle i Judæa tri dagar fyrr Mesias kjem, og han blæs i eit stort horn so det høyrest yvir heile verdi, og domen vert daa. Mims hovud. Snorre fortel at æsine sende Mime, saman med Høne, til vanine, daa dei vart samde; vanine drap Mime og sende hans hovud attende. Odin salva hovude og trolla yvir det, og daa kunde hovude tala og melde løynlege ting. Saxo fortel at det var eit gull-bilæte Odin tala med. Sumt av dette minner um Memnon og den talande Memnons-stytta i Egypt, sumt um hovude til Johannes døyparen. Slike drag finst i eventyri og. Eller kanskje det berre er meint at Mime lyfter hovude upp or brunnen? Sogo um salvingi og trollingi yvir hovude laut daa vera seinare segnir. I den heilage lunden attmed kjelda i Dodona var det ei eik som gav orakelsvar. Ein høyrde eit maal som tala, men saag ingin, etter den eldste hellenske tru. Jøtun, anten Loke eller Fenre.