Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/160

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

152 hovding i Vanaheim. Mime gav honom alltid raad. Men naar Høne var paa ting eller stemne, og Mime var burte, og det kom vanskelege sakir for han, daa svara han stødt sameleis: «Lat andre raade," sa han." Snorre segjer at han vert kalla Odins sess-felage, fylgje eller hirdmann og den skjote aas og den lange foten og aur konge (vætekonge) eller orkonge (pilekonge). Paa Fær øyane er det ei vise som nemner Høne saman med Odin og Loke. Eit troll vilde taka sonen til ein bonde, og so bad bonden desse tri um aa hjelpe seg. Odin skaper guten til €it aks i ein aaker, Høne til ei fjør paa ei svane, Loke til ei rogn i ei flundre. Namne vert tydt: han som syng (sml elvenamn Høna, sjønamn Høneren paa vest-upplandi), eller han som er lik ei svane, eller han, som er upphøgd (Noreen); sml. ei hø, høgt fjell. Ein karm helst tenkje at han hev vori ein skygud i fylgje med vindguden Odin. Skyi dreg vatn fraa have, same leis som Høne tær raadir av vats-risen Mime. Schiick trur at Høne og Ull er den same. Det karm hende at Høne er den same som Vile, bror til Odin. Var han far til H6d, vilde det høve, naar Balder og Hod var brødre-sønir og bygde saman i den nye heimen. Ull, Høne og Ty kunde ein tru var ymse namn*) paa den høge guden, som Odin, vinterguden, hev trengt burt, og som naar vaaren kjem, eller etter ragnarok, kjem fram att i all si brikne. Lodur held mange for aa vera eit eldre namn paa Loke (Noreen upph. Vlojorr, hite), men ein kunde ogso tenkje paa Tor. Ull er ein gong nemnd jamsides med Odin, ein gong jamsides med Tor. Her som dei tri eldste gudar vert nemnde, vilde det vera underlegt um inkje Tor var med. Lodur er vonleg det same som lod-vord (sml. Veur = ve-vord) og tyder daa han som ver lodi, avlingi. Sidan hev Frøy løyst av Tor her. Men i Sverike er det endaa folketru um at Tor hev med vere aa gjera; namn som Gobonden, Kornbonden, Aakergubben utm årka guden såsom en regnets og årsvåkstens herre," skriv M. Lundgren. Dei eldste germanske gudar me kjenner er dei tri som Tacitus nemner: Mercurius (Odin), Hercules (Tor), og Mars (Ty). I den saksiske daapslovnaden er nemnde: Wodan (Odin), Thunar (Tor), og Saxnot (Ty). Aathug, vit (6tJr), de sjæleevner der udmærke mennesket fremfor dyret". Lit og lag og Husvarme, venleik og styrke, var det rime legt at Tor gav, like eins vokster og storleik. 19. Yggdrasil, sjaa Grimn. 29. Ved temple i Upsala, for tel Adam av Bremen, stod eit stort tre ved ei heilag kjelde og var grønt baade sumar og vinter.

  • ) Det er von det var sameleis i nordlandi som i Hellas, at gudane heldt

det for gjævt at dei vart heidra med mange namn.