Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/154

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

<poem> 64. Sal ser ho stande fagrar’ enn sol, med gull er han takt, paa Gim-lé. Trivst der tyde trugne lydar, mun i alder og æve ynde njote.


65. Daa den store stig paa domstolen, han fraa det høge, som heimen styrer. Han sakir sætter og domar sèt, sèt vé som alltid vara skal.

66. Kjem den dimme draken fljugande, fraane-orm, nedan fraa Nida-fjelli. Ber lik i fjørom, flyg yvir voll Nidhogg naableik. No mun ho søkke.

Innskot.

Etter v. 10. [Dvergenamn]. R.11. Nye, Nide, Nordre, Sudre, Austre, Vestre, Altjov, Dvalin, Naa og Naain, Nipung, Daain, Bivur, Bavur, Bombur, Nore, Aan og Aanar, O-in, Mjødvitne.

R.12. Vegg og Gandaalv, Vindaalv, Torin, Traa og Traain, Tekk, Lit og Vit, Ny og Nyraad, no hev eg dvergar — Regin og Raadsvinn — retteleg nemnt.

R.13. File, Kile, Fundin, Naale, Hepte, Vile, Hanar, Sviur, Billing, Brune, Bild og Bure, Fraa, Hornbòre, Fræg og Lone, Aurvang, Jare, Eikinskjalde.

R.14. D’er tid til dvergar i Dvalins fylgje for manna-lyden til Lovar aa telja. Fraa Sals steinar ut dei sette millom Aurvangar og Joruvollar.

R.15. Der var Draupne og Dolgtrase,