Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/153

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

<poem> 55. Kjem den storfræge son aat Lodyn, Odins sonen, vil ormen vega. Han legg til med magt, Midgards verjar. Og fraa heimane folki rømer.

56. Det gøyser eitr og gneistar sprutar or gapande munnen paa Midgards-ormen. Gjeng fèt nie Fjørgyn-sonen, gruv, fraa globeitte glyme-beiste.

57. Sol mun svartne, sig jord i hav, av himilen kverv klaare stjernur. Eimen gøyser, og elden sleikjer. Logar leikar lukt til himils.

58. Garm gøyr høgt fyri Gnipa-heller, feste slitnar, og Freke han renn.

C.

59. Ser ho upp koma andre gongen jord or have atter grønklædd. Fossane fell, flyg ørn yvir, ho som paa fjell fisken veider.

60. Hittast æsir paa Idavollen, um leide lindorm dei lengi talar, legg seg paa minne lagnads-burdar og fimbul-tys forne runir.

61. Daa mun atter undersame tavlur av gull i grase finnast, som dei aatte i upphavs-tidi.

62. Daa mun aakrar usaadde vekse. Illt mun batne, Balder han kjem. Hòd og Balder bur paa tufti i valtiva-ve. Vita De enn eller kva?

63. Tun-tre Høne trygt kann velja, og brødre-sønir byggje saman i Vindheim vidan. Vita De enn eller kva ?