Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/148

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

<poem> morgon likeins og middags-leite, undorn og aftan, til aar aa rekne.

7. Hittast æsir paa Idavollen, og horg og hov høgt dei timbra. Dei avlar lagde og eignir smidde, dei tengar laga og tòlar gjorde.

8. Med tavl paa tune dei trøydde seg glade — var deim visst inkje vant paa gull — til tri der kom tusse-møyar med avle og age fraa Jøtunheimen.


9. Tivar alle paa tingstolar gjekk, dei høgheilage heldo raadlag: kven skal drosen av dvergar skapa or Brime sitt blod og hans blaae leggir.

10. Vart Modsogne skapt, mætast var han av dvergar alle, men Durin dernæst. Dei manna-skjepnur mange gjorde, dvergan’, or jordi, som Durin det sagde.


17. Til tri der kom av tjodi denne høge og hæve æsir til husar. Fann dei paa land lite magtande Ask og Embla utan lagnad.

18. Dei aatte ’kje ande eller aathug hadde, korkje lit eller lag eller livsens varme. Ande gav Odin, aathug Høne, lit fager Lodur og livsens varme.


19. Ask veit eg stande, heiter Yggdrasil, høgt tre, vatna med kvitande vaag. Derfraa kjem dogg som i dalane fell. Stend alltid han grøn yvir Urdar-brunnen.

20. Derfraa kjem møyar mangt vitande tri fraa den sal, under tree stend.