Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/137

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
Ingin ormen
sting saa saart
som falske manna-tunga. [1]

Ordtak: „D’er ill tunge som ein aldri kann temja.“

33. Meiningslaust tykkjest det vera som stend i handskrifti, at ein skal eta aabit so nær som naar (nema) ein skal i gjesting. Her er umsett som um det stod nær i staden for nema.

Fyrste stykke 1—33. Samanhengen er slik (etter F. Jonsson): Ein framand mann kjem til gards langvegjes ifraa. Han gjeng inn (v. 1) og helsar paa folk (v. 2 .), fær det han treng, og byrjar (v. 3) talen sin, og tenkjer daa fyrst paa seg sjølv. Han nemner kva ein gjest treng, naar han kjem til gards. Han tarv vit (v. 5), men utan aa kyte (v. 6 .); han er varsam, men gjev gaum paa alt (v. 7). Det beste ein skal føre med seg paa ferd er vit (v. 10), og det verste er aa drikke for mykje (v. 11—14). So fortel han korleis ein inkje skal fara aat, som ein tull (v. 17—29). Til slutt 4 vers (30—33) um framferd i gilde.

34. Ordtak: „D’ er lett veg til vene-hus.“

35. Ordtak: „Nykomin gjest er jamnan best.“

36. Ordtak: „Eit fatigt bu er betre enn inkje.“ „Ein fatig heim er betre enn ingin.“ „Eige bu er alltid best.“ „Heime er kvar mann herre.“ Det fyrste halv-verse er sett ihop av norske ordtak som endaa liver.

Taagsperra sal. Paa vindalle stelle paa vestlande og paa Orknøyane og Shetland hev det vori skikk aa byggje hus av stein og torv og bruke taug til sperrur.

40. Ordtak: „Det gjeng stundom aat hundom som inkje var etla.“ „Det ein sparer for eigin munn, det nyt baade katt og hund.“

41. Meiningi er, at naar ein ber gaavur paa seg, vitnar ein for alle um sine venir.

43. Ordtak: „Han er inkje min ven, som hjelper min uven.“

46. Siste lina er vel eit gamalt ordtak. Og paa dette hev verse bygt seg upp.

47. Ordtak: „Det er fagnad aa finne folk i øydemarki.“

48. Tré-menn, menneskje av tre. Voluspaa 17—18 fortel um dei fyrste menneskje. Ask og Embla, som tykkjest ha vori tre fyrst.

50. Ei toll som stend aaleine fær vinden snart magt med, og paa eit tun vert det for mykje trakk og væte aat ho. Eit heilt holt med tre hev lettare um aa verja seg i striden for tilvære.

51. Fem dagar rekna dei i gomol tid for ei viku.

Ordtak: „Stor fagnad er sjeldan lang“

  1. Upphavleg kanskje so:
    Inkje sting
    so saart ein orm
    som treiske manna-tunga