Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/136

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

som stundom endaa kann hava heilt ljodahaatt-lag, ja ofte i halve verse. Einskilde høye hev vorti ein fast skikk, so ljodahaatt-versi i ei millomtid kann hende hev havt baade bokstavrim og enderim; sidan hev krave til bokstavrime inkje vorti so strengt, og enderime vart fast skikk, ny rytme kom. Innverknad fraa latinske vers hev kann hende gjort sitt. Alt i Haavamaal (v. 80) og Grimnesmaal (27) og Haarbardsljod (6, 13) og sidan i Heidriks gaatur finn me eit mindre strengt krav til bokstav-rime: tri linur hev same rim-bokstaven, ein i kvar line, sameleis som det er i mange stev. Baade i innhald og form svipar desse frødestevi attpaa vers i Haavamaal. Draumkvæde fraa fyrst i det 13de aarh. hev ei yngre versform enn sume av desse stevi, som soleis er ei bru millom eddakvædi og folkevisune.

19. Sml. frødesteve:

Eg helde det
for eit mismenne,
som sparar paa øl i jolom.

Ordtak: „D’er betre tegja enn tarvlaust tala.“ „Det er betre leggje seg i tidlegast lag enn vera for tidleg uppe um morgonen.“ (Vald.)

23. Sml. nysteve:

Um dagan gjenge dei bleik’ og sturer,
dei tykkj’ for gaman um nætan ture.
Um dagan gjenge dei blaa og bleik,
d’ er nattevoka som armar dei.

Og frødesteve (sjaa ogso Haavamaal 12):

Drukkin manns ord
er draumom likt,
det føre dei ingin for øyro.
Han mæler[1] so mykje um eftan,
han vil ’kje um morgonen høyre.

Dette steve hev same malm og klang og versemaal som eit vers i Haavamaal, og kunde godt vera fraa same tidi.

27. Sml. ordtake fra Setesdalen: „Det visste ingin kvar narre var, hadde det vit til aa tegje seg“

Upphavlegt vonleg forma soleis:

Kvar narre var
visste ingin,
hadde det vit til aa tegja.

„Han kann tala seg stuvin og tegja seg klok.“

26. Ordtak: „Heime alin er burte galin.“ „Det som er i fjellom ali er i bygdom gali“.

29. Sml. frødesteve:

  1. „Talar“ stend det